Page 22 - pesta2013_4
P. 22

-pest-POSTEN                       Side 22

                            DIKTSPALTEN







          Nicolás



          Guillén





          (1902-1989)
















          Nicolás Guillén var kanskje den viktigaste stemmen i kulturlivet på Cuba på 1900-talet,
          og vert ofte kalla Cubas nasjonalpoet. Han debuterte som forfattar i 1930, og markerte
          seg raskt som ein kritikar av regimet i landet. Det enda med at han vart tvungen i
          eksil i 1953, men han vendte attende til Cuba etter revolusjonen og heldt fram med
          forfatterskapet. Han er ein av dei mest folkekjære diktarane i Latin Amerika, og det
          vert sagt at mykje av den karibiske musikken er inspirert av tekstane hans.
          Mange meiner at hovudverket til Nicolás Guillén er ”Den store dyrehagen”  frå 1967,
          som er eit oppgjer med all imperialisme. Eit dikt eller to frå den samlinga, vil diverre
          ikkje gje verket rettferd. Og i staden presenterer vi difor eit dikt forfattaren skreiv al-
          lereie i 1929.
          Diktet, ”Liten ode til ein kubansk negerboksar” er gjendikta av Kjartan Fløgstad, og er
          frå samlinga ”Litteratur i revolusjonen – Dikt frå Cuba”, utgjevi på Pax forlag i 1973.
          (I 1973 var det vel framleis lovleg å bruka ordet ”neger” i skrift og tale).

          Fløgstad, som er ein mangslungen og produktiv forfattar, kjenner ikke berre godt til
          forfattarar på Cuba. I boka ”Hotel Tropical ” (Universitetsforlaget 2003) skriv han
          mellom anna om historia til fleire tradisjonsrike hotell i Havana – ei kulturhistorisk
          reise mange vil ha glede av å vera med på. Vi takkar Fløgstad for at han har gjevi oss
          høve til å trykka diktet han har omsett.
                                                                                  - BM
   17   18   19   20   21   22   23   24   25   26   27