Page 26 - pesta2023_3
P. 26
-pest-POSTEN Side 26
Doktorgrad
16S dypsekvensering
av polymikrobielle
infeksjoner Illustrasjon: Colourbox
Ruben Dyrhovden
diagnostikk av denne type infeksjonar, sjølv om vi
disputerte for ph.d-graden veit at mange bakteriar som er til stades i infeksjonen
den 21. august 2023 ved er vanskeleg å påvise ved dyrking.
I avhandlinga vert bruk av 16S djupsekvensering
Universitetet i Bergen i mikrobiologisk diagnostikk av polymikrobielle
infeksjonar hos pasientar med infeksjon i høvesvis
lungehola (lungeempyem), galleblærebetennelse
og gallegangsinfeksjon undersøkt. Resultata viser
at 16S djupsekvensering har ein langt høgare
treffsikkerheit enn tradisjonell diagnostikk ved
desse infeksjonane.
Lungeempyem er tidlegare forstått som ein
komplikasjon til lungebetennelse. I avhandlinga blir
det vist at ei stor undergruppe av denne type infeksjon
er forårsaka av ei lita gruppe munnholebakteriar
som er kjent å også kunne gi infeksjon i tannkjøtt
og tannrøter, samt i hjernen (hjerneabscessar).
Ved å samanlikne mikrobiologien i desse lunge-
empyema med resultat frå djupsekvensering av
hjerneabscessar, henta frå ein tidlegare norsk
studie, vert det vist at desse to infeksjonane er
mikrobiologisk svært like. Dette legg grunnlag for
ei ny forståing av lungeempyem som i hovudsak
ein infeksjon forårsaka av spreiing av bakteriar frå
infeksjonar i munnhole, via blodbana, til lungene.
Avhandlingens tittel: The Use of 16S rRNA Djupsekvensering er ein svært følsam teknikk,
Targeted Next-Generation Sequencing in og forureining frå små mengder bakterielt
Diagnostics of Polymicrobial Invasive Infections. DNA i reagensar og liknande kan gi opphav
til feildiagnostisering. I avhandlinga vert den
Hovedveileder: Øyvind Kommedal, UiB uføreseielege naturen til DNA-forureininga utforska
1. opponent: Niels Nørskov-Lauritsen, Odense u.s. og skildra, og ein metode for å handtere denne
2. opponent: Hege Vangstein Aamot, HiØ forureininga blir foreslått og evaluert.
16S djupsekvensering er ein metode for påvising Avhandlinga viser at metodiske utfordringar
av bakterielt DNA som gjer det mogleg å oppnå ved 16S djupsekvensering kan bli overvunne, at
ei fullstendig karakterisering av infeksjonar som metoden kan gi ny kunnskap om ulike infeksjonar
inneheld mange ulike bakteriar (polymikrobielle og at den kan spele ei viktig rolle ved diagnostikk av
infeksjonar). Djupsekvensering er lite nytta i polymikrobielle infeksjonar hos den enkelte pasient.

