Page 10 - pesta2025suppl3
P. 10

-pest-POSTEN                        Side 10


                     DIKTSPALTEN 2016-1









           Tor Jonsson






                 (1916-1951)










           I år er det 100 år sidan han vart fødd i Lom. Ein kald januardag i 1951 valde
           han å ta sitt eige  liv, berre 35 år gamal.  Han vaks opp i same bygda som
           Olav Aukrust, og dei var på fleire vis motpolar i nynorsk lyrikk og sosialt i
           bygdesamfunnet. Tor Jonssom var talsmann for husmannsproletariatet og var
           fattigfolkets diktar framfor nokon. Han var eit motsetningsfylt menneske, som
           skapte nokre av dei vakraste, inderlegaste  og sterkaste dikta i norsk lyrikk.
           Grågrenda og stusselstugu, kvar dei no fins i verda, har ikke hatt ein sterkare
           og ærlegare talsmann enn han.

           Han kjempa i prosa og i poesi mot urettvisa han sjølv opplevde, og han tok og
           innover seg all liding i samtida. Men det rasa og ein krig i hans indre landskap.
           Han hadde ei bitter  kjensle av einsemd, samstundes som kjærleikslengten
           brann sterkt han.

           Han hylla livet i mange dikt, men mange dikt kretser óg om døden, som han
           vende sin kjærleik mot og valde til sist. Leser ein biografien om Tor Jonsson
           «Berre  kjærleik  og død», skriven  av  Ingar  Sletten  Kolloen,  sit  ein  att  med
           inntrykket av at mislukka i kjærleikslivet må ha vori den utløysande årsaken
           til sjølvmordet.
           I tidsrommet 1943-51 vart det utgjevi fire diktsamlingar av Jonsson. Seinare
           er dikta utgjevne  i samling, og i 1999 kom «Tor Jonssons beste», kor dikta
           nedafor er henta frå.  Kjem du til Lom, må du vitja stusslegstova, ho står der
           framleis.
                                                                            - BM
   5   6   7   8   9   10   11   12   13   14   15