Page 11 - pesta2025suppl3
P. 11

Side 11                 -pest-POSTEN











         BARNDOMSHEIMEN


         Eg takkar barndomsheimen
          for hat bak dimme ruter
          mot livsens husmannskår.
          Den bleike draum du gav meg,
          den beiske sorg du gøymde
          er vitring om ein vår.

          I denne stussleg stova
          har sorga alltid sutra
          og slipt sin lange kniv.
          I denne stova grodde
          den gode draum som alltid
          skal stråle kring mitt liv.


          Eg går i i heimegrenda
          og plantar fagre blomar
          på kvar ei bortgløymd grav.
          Eg takkar barndomsheimen
          for hat i i heilag einsemd
          og grøda som det gav.
                                                      NÅR DU ER BORTE
          Eit dikt om alt eg elskar
          har rot i hytta heime                       Nærast er du når du er borte.
          bak gråten til ei mor.                      Noko blir borte når du er nær.
          No sprengjer diktet hamen                   Dette kallar eg kjærleik-
          i sus av fattigdomen                        Eg veit ikkje kva det er.
          og sorga på vår jord.
                                                      Før var kveldane fylte
                                                      av susing frå vind og foss.
                                                      No ligg ein bortgøymd tone,
                                                      og dirrar mellom oss.



                                                                           Alle illustrasjoner:  Colourbox
   6   7   8   9   10   11   12   13   14   15   16