Page 6 - pesta2025suppl3
P. 6

-pest-POSTEN                        Side 6


                     DIKTSPALTEN 2015-3









                Gustaf


              Larsson




              (1893-1985)







            Denne gongen presenterer vi ein diktar som vel knapt nokon av lesarane har
            høyrt om.

            Men Gustaf Larsson er Gotlands store skald, og er på øya kjend både som
            forfattar, folkeminnegranskar, fotograf og museumsmann. På fødestaden sin
            på aust-Gotland skapte han det vakre friluftsmuseet Norrlanda Fornstuga.

            Han gav ut ei rekkje diktsamlingar, sume på svensk, men dei fleste på gutamål,
            det sermerkte språket, som no vert tala av berre ein liten del av bygdefolket på
            Gotland og Fårø.

            Ei mengd av dikta til Larsson er omdikta til eit nokså konservativt nynorsk av
            Ivar Orgland, og dikta du finn her, er frå samlinga ”Gotlandske dikt”, utgjeven
            på Fonna forlag i 1978.
            Larsson har skrivi dikt om mange ulike emne, men eg vel tre dikt som syner
            dei varme kjenslene han hadde for Gotland. Det er ikkje meg imot om dei
            kan inspirera lesarane til å ta ein tur til øya, som har ein sereigen natur og ein
            vakker historisk by, Visby. Dei nærmare 100 kvite steinkyrkjene, jfr. titelen
            på det siste diktet, frå mellomalderen , er òg ein grunn til å vitja øya. Ingen
            stad i Sverige har fleire soltimar i året enn Gotland, og dreg du dit, vert det
            kanskje ikkje berre med den eine gongen.



                                                                       - Bjørn Myrvang
   1   2   3   4   5   6   7   8   9   10   11