Page 27 - pesta2025suppl3
P. 27

Side 27                -pest-POSTEN



                     DIKTSPALTEN 2018-1






              Aasmund


              Olavsson



              Vinje



              (1818-1870)


                                                                                         Kilde: Wikipedia




            Den 6. april i år det 200 år sidan Vinje vart fødd, og da er det god grunn til å markera
            200-årsdagen med ein kort presentasjon av denne gåverike diktaren i ”Diktspalten”.
            Han var særegen på fleire vis, på måten ha talte og snakka på, og ikkje minst gjennom
            si framferd og sine meiningar. Dei siste skifta han ofte, og det var dei som hevda  at
            Vinje var ei einaste stor sjølvmotsetning. Han var husmannsgut, men han braut ned
            standsbarrierar, og kunne som ingen annan kjenna seg heime i alle klassar og erta
            folk frå alle samfunnsklasser på seg. Gjennom fleire tiår var Vinje eit uromoment
            i samfunnsdebatten i landet. Er du ikkje så interessert i litteratur, kan du hugsa han
            fordi han sette namnet Jotunheimen på det største fjellpartiet i landet vårt. Og går du
            i Jotunheimen, finn du ei stor støtte av han på Eidsbugarden.
            Vinje er sjølvsagt mest kjent som lyrikar, men det må nemnast at han var stor som
            essayist og journalist og gav ut si eige avis ”Dølen”, og han skreiv fleire reiseskildringar.
            Fremst av dei står ”Ferdaminne frå sumaren 1960”. ”Ferdaminne” og livssyklusen
            ”Storegut” er hans litterære storverk. Dei fleste av dei kjente dikta hans har han fletta
            inn i skildringane frå reisene sine og ofte først trykt i ”Dølen”.
            Mange av oss, i alle fall vi som har levd ei stund, kjenner godt til songar som Vinje
            har skrivi. I skolesongboka til Mads Berg, som mange av oss brukte i folkeskolen,
            finn vi sju songar som mange av oss framleis sikkert hugsar strofer frå. No når det lir
            mot vår, må det vel høva bra med å presentera Vinje gjennom det mektige romantiske
            diktet ”Våren”.  Les det sakte. Nokre ord vil du nok stussa over. Kanskje ein frå Vest-
            Telemark kan hjelpa deg å tyda dei orda du ikkje skjønar?
                                                                                   BM
   22   23   24   25   26   27   28   29   30   31   32