Page 31 - pesta2025suppl3
P. 31

Side 31                -pest-POSTEN



                      DIKTSPALTEN 2018-3

























                 Kristofer Uppdal  (1878-1961)



        Steinkjer off. landsgymnas, der eg var elev i åra 1957-1960, låg i Kristofer Uppdals gate,
        og gata var skuleplassen vår. Og berre nokre hundre meter unna låg heimen der han budde
        nokre barneår. Men ikkje kan eg hugsa at nokon av lærarane var interessert i å fortelja oss
        om diktaren. Og liten plass hadde han og i litteratursoga vi las. Seinare las eg en del om
        han, men lite av han. Men verkeleg kjennskap til livssoga til Uppdal fekk eg først då eg i år
        las biografien som Arild Byes skreiv ”Ein mot alle” (Aschehoug 2010). Det var interessant
        lesnad !
        Han hadde vanskelege barne- og ungdomsår, noko som prega sinnet hans seinare. Fram til
        1910 arbeidde han med kroppsarbeid, og i fleire år som rallar, før han vart diktar på heiltid. I
        åra som følgde var han ein produktiv forfattar og skreiv romanar, dikt, essays, aforismar, og
        avisinnlegg om ulike emne. Mykje av det han skreiv vart aldri publisert i bokform.
        Bøkene som vart utgjevne, selde dårleg, og han vart lite lesen, noko på grunn av at han skreiv
        på nynorsk iblanda mange trønderske dialektord. Det spelte óg ei rolle at Uppdal var ein
        stridbar og ambisiøs person som lett skaffa seg motstandarar i det litterære miljøet. Men i
        vanskelege tider hadde han og nokre støttespelarar, som til dømes Olav Dalgard, farfaren til
        kollegaen vår med same namnet. Etter at han døydde, har mange fått augo opne for kor stor
        Uppdal var som diktar, både når det gjeld prosa og poesi. Mellom anna sluttar Jan Erik Vold
        ein artikkel om Uppdal med orda « vi tenner ljoset for våre store skald», som han meiner har
        vori ein mørklagd diktar.

        Eg vel to korte vers frå diktsamlinga Elskhug (1919). Det er dikt han skreiv medan han var
        ung, og mange kritikarar meinte nok han var vel mykje oppteken av jenter og erotikk. Mange
        av dei seinare dikta hans  er lange og nokså innfløkte.
   26   27   28   29   30   31   32   33   34   35   36